Venstremeny
|
|
|
?xml:namespace>
God start for Heiane miljøsentral
SIM sin statistikk viser gode besøkstal ved den nye miljøsentralen på Heiane.
- Det virkar som om fleire og fleire får augo opp for at me no
har fått eit fullverdig miljøsentraltilbod også på Stord, seier
ein nøgd stasjonsmeister, Olaf Skram.
Ved Heiane miljøsentral kan du levera:
Grovavfall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, trevirke, glas, metall, plast, papir og det du elles ikkje kan kasta i restavfallsdunken.
Heiane miljøsentral er open:
Kvardagar: 10.00 - 18.00
Laurdagar: 10.00 - 14.00
Tømmekalender 2012
Tømmekalenderen for 2012 skal no vera komen til deg i posten.
SIM sin tømmekalender viser kva tid det er tømming av papir, bio og restavfall i din
kommune, og kva som skjer dersom tømmedagen fell på ein rørleg heilagdag. Du kan også lasta ned kalenderen.
Nytt SIM-nytt
Plassering av bosdunkane
Bømlo, Stord, Fitjar og Sveio:
Set dunken med lokkopning mot vegen.
Tysnes, Kvinnherad og Austevoll:
Set dunken med handtaket mot vegen.
Slamtømming i Stord kommune
Fyrste kunde
Som fyrste kunde fekk Gisle Vik blomar hjå stasjonsmeister Olaf Skram, då Heiane miljøsentral opna. No kan han, og alle andre frå SIM- kommunane, sortera avfall ved ein av dei mest moderne miljøsentralane i landet. Miljøsentralen har svært kundevennlege opningstider.
Farleg avfall
kan leverast gratis
Visste du at privatpersonar kan levera dei fleste typar farleg avfall kostnadsfritt på miljøsentralen? Gjer ein innsats for miljøet, du òg. Les saka.
Utleigehytter og abonnement
Utleigehytter skal ha abonnement som heilårshus, har kommune-styret bestemt. Les saka.
Slik hjelper du SIM-sjåførane
SIM-sjåførane, her representert ved Maciej Durski, skal tømma mange tusen bosdunkar på ei veke. Litt hjelp frå deg gjer arbeidsdagen deira enklare.
Sjå korleis du plasserer dunken.
Berre for hytteabonnentar
SIM sine hyttekonteinarar er berre for dei som betalar for hytterenovasjon. Misbruk er ulovleg. Les saka.
Bli med på ryddeaksjon
Anne-Marie Stokken, Tove Malkenes og Gunn Iren Sælevik ryddar langs ein veg i Fitjar. Få med deg naboen på rydding, du òg. SIM kan støtta to typar ryddeaksjon. Informasjon og påmelding: Rydding i nærområdet - Rydd Sunnhordland.
Slik organiserer du biltilhengjaren
Sorteringsjobben på miljøsentralen vert mykje enklare om boset på tilhengjaren er sortert. Her er nokre tips. Les saka.
Kjeldesortering på framandspråk:
|
|
|